Osteburger, øl og urinal

Endeleg går sommaren mot haust. Nå hadde me ein grei pause med rolege VM-kampar, der Noreg klarte seg greit. Men det er ikkje det same å sjå Haaland skåra på bestilling som å ergra seg over missa sjanser på Kenny.

Det gledes til ligastart. Da oppsettet av kampar kom, blei planane lagde for når eg kan ta turen over. August har eg diverre ikkje tid. September ser vanskeleg ut. Men i oktober har eg ei opning. Leicester City heime den 24. er i boks. Kanskje vert det Barnsley heime tysdagen før og. Det er greit å ha tilgang til kampane på nett-tv, men det er ikkje det same som å væra i Luton på kampdag.

Eg kjenner på uro over at eg skal slutta med Kenny. Vert nesten som å skifta dame.

Reisa over har blitt ein rutine. Bil vert parkert på Sola. Norwegian flyg meg til Gatwick. Har som oftast tid til ein blås utfor terminalen før eg går inn og entrar toget. 1 time og 20 minutt skal turen ta.

Fyrste stopp er Croyden. Ikkje den finaste plassen på jorda. Får i meg litt mat og drikke mens toget rullar inn mot London. Prisar meg lukkeleg og heldig for at eg ikkje må gå av ved Blackfriars Bridge. For eit folkehav det brukar å være der. Bedre å venta ein liten time til med å gå av. Nyta utsikta frå toget. Ut av London sitt betonghelvete. Ut på landsbygda. Dei gule og grøne slettene. Små landsbyar. Sjå på dei flotte åkrane med korn, gras, sauer og ugras som kransar om den nydelege hovudstaden i Bedfordshire. Forbi St. Albans med den staseleg katedralen. Harpenden med dei flotte pubhagane vert passert etterpå. Flyplassen, der eg aldri har flydd til eller frå, dukkar opp.

Ein kan undrast på om ikkje klubben i vårt hjarte hadde hatt mykje å henta frå eldre mannfolk med øl i magen og lite hår på hovudet.

Eg reiser meg opp i midtgangen, finn bagen og så ser eg Power Court. Staden som skal ta over. Kjenner på uro over at eg skal slutta med Kenny. Vert nesten som å skifta dame. 

Kjensla eg får når toget rullar inn på stasjonen. Når eg går over vegen og inn på Great Northern for den fyste pinten i byen. Treffa kjente som eg ikkje har sett på ei stund. Ta ein skål og lyga litt i lag. Sjekka inn på hotellet for så å gå tilbake for ein pint eller to til. Gå vidare opp til High Town for å treffa tappekrana, og kjentfolk, på Brickies. Sittja utover kvelden å skryta og lyga med dei lokale. Kanskje drøsa med ein eg ikkje har truffe før. Det vert stadig vanskelegare å treffa ukjende. 

Kampdag har mykje den same oppskrifta. Etter frukost er det avgårde på pub. Spenninga bygger seg opp, saman med promillen. Godt drøs. Meir eller mindre gode analyser av spelarar, trenarar og motstandarar vert utveksla. Ein kan undrast på om ikkje klubben i vårt hjarte hadde hatt mykje å henta frå eldre mannfolk med øl i magen og lite hår på hovudet. Me veit jo sjølvsagt best.

Eg kan ikkje sjå kven som skal slå oss denne sesongen heller…

Berre gode kjensler

Kampstart nærmar seg, og eg brukar gå frå Brickies ein liten time før avspark. Gåturen opp der er ei sann gleda. Fleire og fleire folk kjem til jo nærare eg kjem. Vel oppe vert det ofte ein feit god osteburger i bua, og ein god pint til å skylle ned med. 10 minutt til kampstart kjenner eg på trykket. Både for å koma inn til setet mitt, men først for å vitja dei fantastiske urinala som ligg under tribuna. Hola i gulvet, stanken, trengselen og høflege menn på veg ut og inn. Berre gode kjensler. 

Vel plassert på setet mitt ser eg innmarsjen, høyrer på jubelen og tek inn over meg kor heldig eg er. No skal eg igjen få sjå mitt kjære Luton Town vinna. Kan ikkje sjå kven som skal slå oss denne sesongen heller…

COME ON YOU HATTERS!

DAMA TIL: Laila er dama til Lodve, som ikke trenger skifte henne ut selv om Luton Town flytter til nytt stadion. (Foto: Thomas Møller)

Hvor nyttig er dette innholdet?

Klikk på en stjerne for å gi din vurdering!

Gjennomsnittsvurdering 5 / 5. Antall vurderinger: 12

Ingen vurderinger ennå. Bli den første som vurderer dette innholdet!

Views: 1