Han fridde i kamp på The Kenny, scoret hattrick på Wembley, mistet to tenner i Luton og misliker de oransje draktene.
Lars-Petter Luton Rønnestad (50) stiftet Luton Town Supporters’ Club of Scandinavia som 15-åring i 1991 og har vært formann i to perioder; sist fra 2016 til 2020.

Gründeren med en lang spiller- og trenerkarriere hart idligere vært trener og daglig leder i Bergsøy IL, Volda TI, assistenttrener, spillerutvikler og administrativt ansatt i IL Hødd. Rykket opp med alle. Jobbet en periode for spillerplattformen PlayerLens (digitalt internasjonalt overgangsnettverk for spillere, klubber og agenter) – og har vært på prøvespill i Mansfield Town, der han fikk spille treningskamp mot Chesterfield i 1996.
Bli bedre kjent med mannen fra Moltustranda i Sunnmøre:
Lars-Petter Luton Rønnestad har besvart 13 spørsmål, i tillegg til seks kjappe helt til slutt. Les, se og nyt!
Hvor lenge har du vært Luton Town-supporter og hvordan gikk det seg til at du stiftet supporterklubben?
Då eg var 15 år, sende eg brev til Supporterunionen for Britisk Fotball (SBF) og spurde om det fanst ein supporterklubb i Noreg. Eg fekk til svar at det ikkje gjorde det, og samstundes spørsmål om eg kunne tenkje meg å starte ein. Etter litt planlegging gjorde eg nettopp det, og stifta LTSCS 25. februar 1991.

Hvorfor ble det Luton Town for deg?
Det var etter ein Tippekamp 6. februar 1988 at eg bestemte meg for at Luton Town var laget eg skulle følgje. Før det heldt eg med fire lag: Luton Town, Wolverhampton Wanderers (laget til far min), Fulham (på grunn av draktene) og Real Madrid (som hadde eit fantastisk lag). Etter at eg såg Luton Town vinne 7–4 mot Oxford United den dagen, var det berre Luton Town for meg.
Det å få møte dei lokale Luton-supportarane og skandinavar når eg er i Luton, er kanskje det eg set aller størst pris på.
Du har jo et spesielt navn. Når valgte du å ta inkludere Luton i navnet ditt?
Det var om lag ti år sidan. Ein kveld fekk eg berre ein vill idé om å sende inn søknad om namneendring, og eg var sikker på at han kom til å bli avslått. Plutseleg vart han innvilga. Då var det ingen veg tilbake. Kona mi var ikkje heilt nøgd og sa: «Når skal du vekse opp, Lars?»

Med hvilke fem ord vil du beskrive fotballklubben?
Ustabil, inkluderende, ambisiøs, «moneyball», stolt.
Moneyball: Bruke data, analyse og avansert statistikk for å identifisere og utnytte ineffektivitet i markedet, slik at et lag kan bygge en svært konkurransedyktig spillerstall på et begrenset budsjett.
Det er dei originale Luton Town-fargane kvitt og svart som gjeld for meg, så eg er ein stor motstandar av at vi for nokre år sidan valde oransje.
Hva er ditt forhold til byen og fotballklubben nå?
Som mange andre skandinavar har eg fått mange gode vener, både blant dei lokale Luton-supportarane og skandinavar. Det å få møte dei når eg er i Luton, er kanskje det eg set aller størst pris på. Samstundes har eg sjølvsagt vorte glad i både byen og landet. Eg synest likevel det er trist å sjå kor slite og forfalle England har vorte gjennom dei siste tiåra.

Eg har vore og sett Luton Town spele live i England kvar sesong, med unnatak av 2020/21 då det var pandemi. Eg prøver å få til minst to turar per sesong, og rekorden er seks turar i løpet av éin sesong (2023/24).
Heime er det ei forståing for at når Luton Town spelar, så ser eg kamp. Om det er bryllaup, konfirmasjon, bursdag, juleselskap eller liknande, så er eg utilgjengeleg frå kampstart til kampslutt.
Elles ser eg alle kampane til Luton Town på LTFC+. Kvart einaste minutt. Også treningskampar, reservekampar og juniorkampar dersom dei blir viste på straumeteneste.
Luton Town betyr svært mykje for meg. Eg held meg oppdatert kvar einaste dag. Det er alltid litt «banter» om Luton på jobben her i IL Hødd, særleg når vi taper. Dessutan finn eg jamleg W*tf*rd-klistremerke i skuffer og på kontorpulten.

Sidan eg jobbar i norsk fotball, har eg også blitt kontakta av Luton Town for råd i samband med overgangane til Lasse Nordås og Sverre Sandal.
Det er kommet meg for øret at du en gang fikk tilnavnet «Crazy Lars». Det rimer ikke med inntrykket jeg har av deg som godt gift trebarnsfar. Forklar!
Eg hadde vore på LTSCS-puben Bricklayers Arms utan å ha ete heile dagen før avreise til Wrexham klokka seks laurdag morgon i mars 2000. Nær midnatt gjekk eg ut for å kjøpe mat. Eg fall og slo ut to tenner. Hamna på sjukehus, der eg skreiv meg ut på eige initiativ klokka fire om natta for å rekke toget til Wales. Tannlaus og med blodig Town-drakt. Eg vart først nekta inngang, men sleppte inn eit kvarter ut i kampen, som vi tapte 0-1. Deretter vart det tannlegebesøk og ei flau forklaring til dama heime i Noreg.


Hvor lenge har du vært sesongkort, og har du oversikt over antall kamper du har opplevd live i England?
Eg har hatt sesongkort sidan 2019. Har ikkje ført statistikk over verken kampar eller resultat, så eg har ikkje full oversikt. Eg sit likevel att med ei kjensle av at eg har sett fleire Town-tap enn sigrar.

Hva er det rareste du har gjort for laget ditt?
Det har vorte mykje sært opp gjennom åra, så det er eg litt usikker på.

Men eg var så heldig å bli spurd om å representere Luton Town på Wembley i playoff-finalen mot York City i 2012. Eg og ein York-supportar skulle ha ein skotkonkurranse på bana i pausen. Eg trefte mål frå alle distansane, vann konkurransen og fekk feire framfor Town-svingen.
Eit av dei store augeblikka i livet mitt var forresten då Mick var på besøk heime hos meg på Moltustranda!
Eg fridde også til kona mi med mikrofonen i pausen under kampen mot Port Vale i desember 2004. Ho våga ikkje gjere anna enn å seie ja, og vi er framleis gifte…

Hva er den beste unnskyldningen du har brukt for å få sett fotball?
Eg ser svært mykje norsk og engelsk fotball. Eg har det også som jobb, så eg treng som oftast ikkje nokon unnskyldning.
Heime er det ei forståing for at når Luton Town spelar, så ser eg kamp. Om det er bryllaup, konfirmasjon, bursdag, juleselskap eller liknande, så er eg utilgjengeleg frå kampstart til kampslutt.

Hvis du kunne invitere en kjent person til Kenilworth Road, hvem ville det vært?
Eg er ikkje så oppteken av kjende personar, så det veit eg eigentleg ikkje.

Hvor mange managere har du vært gjennom i din Luton Town-historie? Har du en favoritt?
Det har vore 13 managerar sidan eg byrja å følgje Luton Town. Mine tre favorittar er David Pleat, John Still og Nathan Jones. Eg har også ein «soft spot» for Mick Harford, først og fremst som spelar.
Eit av dei store augeblikka i livet mitt var forresten då Mick var på besøk heime hos meg på Moltustranda!

Har du noe ritual før kamp – og lar du resultatet i Luton Town sine kamper påvirke humøret?
Nei, eg har ingen spesielle ritual. Men når eg er i England, går eg alltid på pub før kamp. I Noreg vil eg helst ha litt fred rundt meg når eg ser Luton Town på skjerm. Humøret blir påverka under kampen, og kanskje den første timen etterpå dersom vi taper. Men eg har vorte flinkare til å handtere det med åra. Ein siger sit faktisk lenger i. Den kan eg nyte heilt fram til neste kamp.
Har du en utvalgt Luton-tur du setter høyest, som du gjerne kunne oppleve igjen?
Det må vere playoff-finalen mot Coventry City på Wembley. Fullstendig euforisk!


«HURTIGRUNDE»
Favorittspillere gjennom tidene?
Mick Harford, Kingsley Black og Ross Barkley.
Favorittdrakt?
Drakta frå 1991/92 er favoritten min. Elles er det dei originale Luton Town-fargane kvitt og svart som gjeld for meg, så eg er ein stor motstandar av at vi for nokre år sidan valde oransje.
Beste kamp du har sett?
Luton Town–Arsenal 1-0. Det var den første kampen eg såg live på The Kenny i 1991.
Hjemme- eller bortekamp?
Eg ser flest heimekampar, men eg likar også svært godt å reise på bortekamp.
Dagtid- eller flomlyskamp?
Det er alltid noko spesielt med flaumlyskampar.
Stor eller spennende seier?
Eg vil ha minst mogleg spenning, så ein komfortabel siger er å føretrekkje.

Views: 71




